«Ei god Sak
gjev eit godt Mod»

Vitringar

Tinga Årboki

Netstadandsvarleg

Kva er høgnorsk?

Tanken attum

Då Ivar Aasen atterreiste eit eige norskt skriftmål, tufta han det på måltoet i dei nedervde norske målføri, og ikkje på danskt skriftmål, som då vart bruka her i landet. Det som i dag har fått namnet den høgnorske målreisingstanken, held fram denne syni på kva som skal vera grunnlaget for norskt skriftmål. Soleis avviser høgnorskfolk ei tilnærming eller tilmåting til bokmål, ervingen til dansken, men tuftar målet sitt – norsk – på fullnorsk grunn, i ubroten tradisjon frå Aasen. Høgnorsk nøyter ordtilfanget, ordlagingskrafti og ordleggjingsmåten i norsk til fullnads. På den måten tek me røynslone som ligg nedfelte i målet vårt med oss inn i møtet med resten av verdi.

Høgnorsk målføring

Høgnorsken har ymse fyremuner som den offisielle nynorsken i dag saknar. Høgnorsken er i mykje større mun fylgjerett – det skal vera samsvar millom formene. Heiter det ei tid, heiter det ei lid òg. Bøygde me kne i går, bøygjer me deim i dag mèd. Heiter det andsynes, lyt det like fullt heita andsvar. Samanhengen i målet vert greidare når ein held på synlege ordrøter, som Aasen gjorde.

Stavemåten i høgnorsk byggjer på typeformer, eller samskrivingsformer – det tyder at dei ulike målføreuttalone av same ordet vert samla i éi form. Soleis svarar vit (vìt) til vit, vet, vett, ved osb. i målføri. Og det same tilhøvet millom skriftmål og målføre gjeld då for rimande ord: bìt, fìt, lìt, spìt osb. Høgnorsk gjev ikkje éi uttala fyrerangen, og er derfor talemålsnært på ein demokratisk måte.

Alle kulturmål vert odla ved di ein fører deim inn på nye samfundsumkverve og lagar verkføre ord ut av kjent målto. å berre taka lånord frå framandmål er det same som å gjeva slepp på si eigi kulturutvikling. Norske ord er tidt lettare å skriva og skyna. Upptak er lettare enn initiativ, upphavleg lettare enn original, årspengar lettare enn kontingent. Mange skriv desse lånordi gale – kvifor låna slike ord når me har eigne ord for det same?

Stoda i dag

Høgnorsk er jamt lìvande. Klassiske målhovdingar som Aasen, Vinje og Garborg er enno god norsk, men i dag òg kjem nye bøker og blad ut på høgnorsk. I dagbøkene til Olav H. Hauge, eit av dei største verki som er utkomne på Det Norske Samlaget dei siste åri, blømer høgnorsken. Nyutgåvor av klassikarane kjem no like gjerne i upphavleg rettskriving som i eit avbrigde av læreboknormalen.

Den teknokratiske freistnaden på å smi eitt mål av dei tvo måli her til lands – samnorsk – mislukkast og er uppgjeven. Likevel heng offisiell nynorsk enno att i ein bokmålsdeterminisme som få synest å vilja, men færre synest å kunna gjera noko ved. Gjenom å skriva i den høgnorske skriftmålstradisjonen tek me fråstand til den stoda, og skaper den målstoda me vil hava ved å staka ut leidi sjølve.

Ver med i høgnorskrørsla! Eit lite mål treng folk som vil lesa og skriva det. Målreising nyttar!

9. mars 2005 | Styret |