framsidaEvangelieumsetjing

Evangeliet etter Lukas

Fyreordet frå evangelisten

1

1DET ER ALT MANGE som hev teke seg fyre å skipa til ei forteljing um dei hendingane som er vortne fullgjorde hjå oss, 2slik dei hev gjeve det frå seg dei som frå fyrste stund var augvitne og tenarar for Ordet. 3Difor hev eg no sjølv sett meg fyre at eg skulde skriva det upp åt deg, vyrde Teofil, etter å ha granska alt lenge og vel, 4so du kann sjå det er sannsoga, det du hev fenge høyra.

Barndomen åt Johannes døyparen og Jesus(1,5–2,40)

Johannes døyparen skal verta fødd

5I den tidi då Herodes var konge i Judæa, var det i Abias tenesteskift ein prest som heitte Sakarja. Kona hans var òg av Arons-ætti, og heitte Elisabet. 6Båe var dei rettferduge for Gud, og ulastande fylgde dei alle Herrens bod og fyresegner. 7Men dei hadde ikkje born; for Elisabet var ikkje barnkjømd, og no var dei båe langt uti åri.

8So var det ein dag Sakarja gjorde prestetenesta for Gud; for radi var komi til hans skift, 9og då dei kasta lùt, som visi var med prestane,fall det på honom å ganga inn i Herrens tempel og bera fram røykofferet. 10Medan stod heile folkemengdi utanfor og bad i røykoffertimen. 11Då synte ein Herrens engel seg for han på høgre sida av røykofferaltaret. 12Sakarja stokk då han såg dette, og det kom ein otte yver han. 13Men engelen sa til han:

«Ver ikkje rædd, Sakarja!
Gud hev høyrt bøni di;
Elisabet, kona di, skal føda deg ein son,
og du skal gjeva han namnet Johannes.
14Han skal gjera deg både glad og fegen,
og mange skal gledja seg av di han er fødd.
15For han skal vera stor i Herrens augo;
vin og sterk drykk skal han ikkje smaka,
og alt ifrå morsliv skal han fyllast av Den heilage ande.
16Mange av Israels-borni skal han venda um
til Herren, deira Gud,
17og sjølv skal han ganga fyre Han
med same ånd og kraft som Elia hadde,
og venda fedrehjarto til borni
og dei ulyduge til den hugen dei rettferduge hev;
so vinn han Herren eit velbutt folk.»

18Då sa Sakarja til engelen: «Korleis kann eg vita um dette er sant? Eg er ein gamal mann, og kona mi er òg uppi åri.» 19Engelen svara: «Eg er Gabriel, som stend for Guds åsyn. Eg er send og skal tala åt deg og bera fram dette gledebodet. 20Og no skal du tagna og ikkje kunna tala, alt til den dagen dette hender; for du trudde ikkje ordi mine, men dei skal fullgjerast når tidi kjem.»

21Medan stod folket og venta på Sakarja, og undra seg yver at han drygde so lenge i templet. 22Men då han kom ut, kunde han ikkje tala med deim: dei skynja at han hadde sét ei syn i templet. Sjølv gjorde han berre teikn til deim; han var og vart dumb.

23Då tenestetidi hans var ute, fór han heim att. 24Eit bil etter vart Elisabet, kona hans, med barn. Då heldt ho seg heime i fem månader, og med seg sjølv sa ho: 25«Dette hev Herren gjort for meg. No hev han sét til meg og teke burt skammi mi millom folk.»

Maria fær bodskapen

26Men då det leid på sétte månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilæa som heiter Nasaret, 27åt ei møy som var trulova med Josef, ein mann av Davids-ætti; og møyi heitte Maria. 28Engelen kom inn til henne og sa: «God dag, du nådegjevne! Herren er med deg!» 29Desse ordi støkte henne, og ho grùna på kva dette var for helsing. 30Men engelen sa til henne:

«Ver ikkje rædd, Maria! For du hev funne nåde hjå Gud.
31Høyr! Du skal verta med barn og få ein son,
og du skal gjeva han namnet Jesus.
32Han skal vera stor og kallast Son av Den høgste.
Herren Gud skal gjeva han kongsstolen åt David, far hans.
33Han skal vera konge yver Jakobs hus i all æva,
og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»

34«Korleis skal dette gå til,» sa Maria til engelen, «når eg ikkje hev vore saman med nokon mann?» 35Engelen svara:

«Den heilage ande skal koma yver deg,
og krafti frå Den høgste skal skyggja yver deg.
Difor skal òg barnet som vert født,
vera heilagt og kallast Guds son.

36Og høyr: Elisabet, frenka di, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar; ho dei sa ikkje var barnkjømd, er no alt i sjette månaden. 37For ingen ting er umogeleg for Gud.» 38Då sa Maria: «Sjå, eg er ei tenestgjenta for Herren. Lat det ganga meg som du hev sagt.» So fór engelen burt att.

Maria og Elisabet

39Nokre dagar etter tok Maria av stad og skunda seg upp i fjellbygdene, til den byen i Juda 40der Sakarja budde. Der gjekk ho inn til Elisabet og helsa på henne. 41Då hende det at med same Elisabet høyrde helsingi frå Maria, kasta barnet i livet hennar på seg; og ho vart fylt av den Heilage Ande 42og sa med høg røyst: «Velsigna er du millom kvinnor, og velsigna er frukti i morslivet ditt. 43Kvi skal det timast meg at mor åt Herren min kjem til meg? 44For då helsingi di nådde øyrat på meg, hoppa barnet i meg av glede. 45Ja, sæl er ho som trudde – det Herren hev sagt henne, skal fullgjerast.» 46Og Maria kvad:

Marias lovsong

«Sjæli mi høglovar Herren,
47og åndi mi gled seg i Gud, min frelsar.

48For han hev sét til si ringe tenestgjenta.
Ogsjå, hedanav skal alle ætter prisa meg sæl,

49for store ting hev han gjort meg,
han som valdar; heilagt er hans namn.

50Frå ætt til ætt varer hans miskunn
mot dei som ottast han.

51Han nøyter styrken i armen sin;
han spreider dei som ber hovmodtankar i hjartat.

52Han støyter stormenner ned frå høgsætet
og lyfter låge upp.

53Han mettar dei svoltne med gode gåvor,
men sender dei rike tomhendte frå seg.

54Han tek seg av Israel, tenaren sin,
og kjem i hug si miskunn

55slik han lova federne våre,
Abraham og hans ætt, til æveleg tid.»

56Maria vart verande hjå henne i um lag tri månader; sidan fór ho heim att.

Johannes vert fødd

57So kom tidi at Elisabet skulde ha barn, og ho fødde ein son. 58Grannane og skyldfolket hennar fekk høyra at Herren hadde synt henne stor miskunn, og dei gledde seg med henne.

59Åttande dagen kom dei og skulde umskjera guten. Dei vilde kalla han Sakarja etter far hans, 60men mor hans tok til ords og sa: «Nei,han skal heita Johannes.» 61«Det er då ingen i ætti som heiter so,» svara dei. 62So gjorde dei teikn til far hans, kva han vilde guten skulde heita. 63Han bad um ei tavla og skreiv: «Johannes er namnet hans.» Alle undra seg, 64men med same fekk han att mål og mæle, og han tala og prisa Gud. 65Då kom det ein otte på alle dei som budde der ikring, og rundt i alle fjellbygdene i Judæa tala folk mykje um dette. 66Alle som høyrde det, grunda på det og spurde: «Tru kva dette barnet er esla til?» Og Herren leidde han i handi.

67Sakarja, far hans, vart fylt av Den heilage ande. Han tala profetord og kvad:

Sakarjas lovsong

68«Lova vere Herren, Israels Gud,
for han såg til sitt folk og hev løyst det.

69Han hev reist oss eit horn til frelse
isin tenar Davids hus,

70so som han lova frå fordom
ved munnen på heilage profetar:

71å frelsa oss frå fiendar
og frå handi på alle som hatar oss.

72Han hev synt miskunn mot federne våre
og kjem i hug den heilage pakti,

73den eiden han gjorde
til Abraham, far vår,

74so me, frelste frå fiendehand, kann tena han utan otte,
75i heilagleik og rettferd for hans åsyn alle våre dagar.

76Og du, barn, skal kallast profet for Den høgste,
for du skal fara fyre Herren og rydja hans vegar

77og læra folket hans å kjenna frelsa,
at syndene deira vert tilgjevne.

78For miskunnsam av hjartat er vår Gud,
di gjestar solrenningi oss frå det høge

79og skin på dei som sit i myrker og daudens skugge,
og styrer vår fot inn på fredsens veg.»

80Og guten voks og vart sterk i åndi. Han heldt seg i øydemarki til den dagen kom då han skulde stiga fram for Israel.

Jesus vert fødd

2

1I DEI DAGANE lét keisar Augustus lysa ut at det skulde takast manntal yver heile verdi. 2Dette var fyrste gongen dei tok manntal, medan Kvirinius var hovding i Syria. 3Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulde skriva seg i manntalet.

4Josef òg fór då frå Galilæa, frå byen Nasaret, upp til Judæa, til Davidsbyen, den som heiter Betlehem; for han høyrde til Davids hus og ætt, 5og skulde skriva seg der. Maria, festarmøyi hans, var med han. Ho gjekk då med barn. 6Og medan dei var der, bar det so til at ho skulde føda, 7og ho fekk son sin, den fyrstefødde; ho sveipte han og lagde han i ei krubba, for det var ikkje rom åt deim i herbyrget.

8Det var nokre hyrdingar der i grannelaget som låg ute og vakta buskapen sin um natti. 9Best det var, stod ein Herrens engel innmed deim, og Herrens herlegdom lyste kringum deim. Då vart dei fælande rædde. 10Men engelen sa til deim: «Ver ikkje rædde! Sjå, eg kjem til dykk med bod um ei stor gleda som skal timast alt folket: 11I dag er det født dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren! 12Og det skal de hava til merke: De skal finna eit nyfødt barn som er sveipt og ligg i ei krubba.» 13Og brådt var det ei fjøld av himelheren med engelen; dei lova Gud og kvad:

14«Æra vere Gud i det høgste,
og fred på jordi
hjå menneskjor Gud hev hugnad i!»

BIBELUMSETJINGA

«Norskt mål brigder seg snøggare en nokosinne, og det er viktugt at bibelmålet kommuniserer med born og unge. Dei er kyrkjegjengarane av i dag og i morgon, og skal kjenne seg att.» Med desse villfarne tankane, og ein god slump illvilje mot nedervt norskt mål, gav Bibelselskapet i november 2005 ut nynorskbibelen i ny form – samnorskform.

Det vantar ikkje døme på betringar: ein har funni fram til eikor nøgnare umsetjinga, og løyst upp nokre tunge segjemåtar. Dessverre laver det med døme på det motsette au. Og grunnen sér i sers mange tilfelle ut til å vera otte og illvilje mot sernorske ord og segnader – gamaldagse ord, dei kallar.

Soleîs tér villfaringa seg. Nyansar går tapt i umsetjinga når ein ikkje vil råde seg med å taka seg fyre eitkvart, men berre prøver noko; når ein tek seg fyre eitkvart, då har ein sett seg det fyre, og går i gang med det, med ein viss hug. Men når ein prøver eitkvart, då vil ein lære noko å kjenne gjenom røynsle, og då har ein ein annan hug; og når ein segjer um nokon at dei prøvde, då ymtar ein um at dei ikkje greidde det. Soleîs er norskt mål smidt i hop gjenom mange ættleder, til ein brukfør reidskap som kann segja so mangt um myki.

Like eins er det skilnad på å uppfylle og å fullgjera. Ei uppfylling set fyre at ein hadde ein tanke um det fyreåt, um det no var ein kopp som sette eit mål for når han var full, eller det var ein lovnad (ynske, skyldnad, vilkòr ...) som skulde stettast. Men ei fullgjering kann i tillegg koma til vegar som ein tanke fyrst medan det vert gjort.

I ordskiftet um det nynorske bibelmålet er det vorti sagt myki um fyrst og først og skilnad og forskjell. Det kann vera verdt å anse på, det, for slikt segjer no greidt og klårt ifrå um kva målsyn som ligg til grunn. Men for heilskapen i teksta er det eitkvart anna som veg myki tyngre: det er dei tusund på tusund av ord og ordleggjingar som berre vert nytta ein hende gong. Ein kann tykkje det er naudardom å dra fram eit slikt ord, og klaga seg for di det vert vraka; men mengda av alle desse orda ihoplagt – den dreg. Det er svivyrdinga av heile den sernorske ordskatten som er sjølve stortapet.

Denne nyumsetjinga av dei 94 fyrste versa i Lukas-evangeliet syner at det er råd å vøle bibelmålet mot nøgnare umsetjingar, betre uttydingar, og fljotare mål, utan at ein treng å kaste vrak på norskt mål av den grunn. Nei, norskt mål er til å nytte! Alt anna er målsleg villfaring.

Thorgeir Holm, desember 2005