«Ei god Sak
gjev eit godt Mod»

Vitringar

Tinga Årboki

Netstadandsvarleg

Upprop for jamstelling av i-mål og a-mål

Me som skriv under på dette uppropet, meiner det er rett og rimeleg at dei to hovudformene av nynorsk, i-mål og a-mål, skal ha jamstelt status i den offisielle rettskrivingi. Same um dei hev ulik utbreiding, bør i-mål og a-mål ha like vilkår. Systemet med at klassiske i-former er sette i klammer, må takast burt, og typeformene soli og sola bør vera jamstelte hovud- og lærebokformer. Det tyder at folk som vil skriva tradisjonalt i-mål, må få lov til det, ikkje berre privat, men òg i arbeids- og næringslivet, medrekna tenesteverket i staten, fylket og heradet. Dette vil lyfta fram eit verdfullt og sermerkt drag i norsk mål og kulturarv, og me held jamstelling for ei demokratisk rettferdssak.

Me uppmodar landsmøtet i Noregs Mållag um å stø denne viktige jamstellingi i offisiell nynorsk, og senda ei klår melding til Norsk språkråd um at målrørsla vil ha jamstelt i- og a-mål.

Arne-Ivar Kjerland (Sætre), Jens Brekke (Vik i Sogn), Eli Freim (Etne), Johannes Gjerdåker (Voss), Jostein Krokvik (Fiskåbygd på Sunnmøre), Håvard Tangen (Andebu), øyvind Bremer Karlsen (Askim), Ragnhild ås (Nidaros), Arild Torvund Olsen (Fjell), Lise Kvande (Nidaros), Matti Stavang (Oslo), Jon Ous (Oslo), Vincent Eye Færavaag (Stord), øystein Njål Nordang (Oslo), Ingvild Aursøy Måseide (Oslo), Johan Krogsæter (Vatne på Sunnmøre), Kari Løkensgard Bjørnsvik (Voss), Andreas Bjørkum (Bærum), Kjetil Aasen (Fredrikstad), Gudmund Harildstad (Oslo), Bjørn Nesse Hunderi (Lærdal), Ola I. Breivega (Sannidal), Bergfinn Aabø (Oslo), Geir Martin Pilskog (Nidaros), Lars Bjarne Marøy (Bergen), Magnus Bernhardsen (Oslo), Inger Johansen (Oslo), Magne Myhren (Oslo), Geir O. Kjerstadmo (Bøverdalen), Inger Indrebø Eidissen (Oslo), Asbjørn Eidissen (Oslo), Frøydis Lehmann (Fana), Håvard Moe (Surnadal), Knut ødegård (Molde), Helge årøen (Lørenskog), Johan H. Grimstad (Hareid), Filip A. Stokkeland (Dramn), Dag Hagen Berg (Oslo), Olav Torheim (Volda), Olav Nesse (Heidal), Arne Holmin (Volda), Kai Hunstadbråten (Modum), Oddvar Støme (Risør), Sigbjørn Heie (Frekhaug), Jul Haganæs (Aurdal), Jon Askeland (Bergen), Klaus Johan G. Myrvoll (Smøla), Johan A. Schulze (Oslo), Bjørn Tormod Ringdal (Bergen), Sigrid Omland Hansteen (Oslo), Kristian Strømshaug (Råde), Sigurd G. Helle (Bærum), Svein E. Kvamsdal (Volda), Ivar Aars (Leira i Valdres), Einfrid Perstølen (Asker).

Fyrste gongen prenta i vikeavisa Dag og Tid 15. juli 1999.

Framlegget um jamstelling av i-mål og a-mål fekk på lag 25 røyster på landsmøtet i Noregs Mållag 31. juli 1999.

10 gode grunnar til å stø framlegget um jamstelling:

1: Det nasjonale. I-endingi er ei sermerkt norsk substantivending. Systemet med berre a-endingar er ikkje meir landsdekkjande enn i-målssystemet.

2: Dialektane. Målføri i dei strok av landet der nynorsken hev rådt lengst, ligg nær upp til i-målet. Attåt kjem no for det meste bokmålsbrukande strok i Indre Agder, Dalane, Numedal, luter av Hallingdal (Flå, Nes, Hol), Vest-Folldal, Helgeland m.m.

3: Valfridom i store kategoriar. Nynorsken hev frå fyrr valfridom i endingar, t.d. e- og a-verb, e- og a-infinitiv, og i- og e-supinum. Jamstelling av soli og sola høyrer med til dei same store kategoriane.

4: Ivar Aasen. Grunnleggjaren av nynorsken såg dialektane i samanheng, og valde i-form ut ifrå vidsynte og regelfaste umsyn.

5: Etymologi. Etter framvokster frå norrønt og ålment mynster i det norske målet elles stend i-målet på eit trygt, nynorsk stig.

6: Regelverk. I-målet byggjer på greide og lettlærde reglar, som gjer nynorsken meir tilgjengeleg og yversynleg.

7: Litteraturen. Ein stor lut av den nynorske diktingi er skriven på i-mål. Me må ikkje framandgjera oss for denne diktingi.

8: Songane og salmane. Mykje av den tonesette diktingi på nynorsk som enno er i frisk bruk, er skrivi på i-mål.

9: Bokmålet hev i dag teke inn att tradisjonelle former som lenge var utestengde. Nynorsken lyt òg varveitsla målrøtene sine.

10: I-målet gjev nynorsken vokaltriklang, ein serhått som me ikkje bør gjeva slepp på.