«Ei god Sak
gjev eit godt Mod»

Vitringar

Tinga Årboki

Netstadandsvarleg

Det norske fram! Lenge live høgnorsk!

Høgnorsksaki hev fenge ein uppsving det siste tiåret, ei tydeleg fylgja av at samnorskpolitikken hev spela endeleg fallitt. No er det tid for å byggja og bøta i målrørsla ­ og reisa oss på nytt med eit sermerkt og klårt profilera program. Avslagsmentaliteten frå den tidlege etterkrigstidi hev me lagt attum oss. Frå no av vil me vinna fram med ærleg strid og argumentasjon, ikkje pruta oss burt med tingingar og byråkratiske krokvegar.

På gamalt grunnlag - i møte med moderne tider

Kulturell fridom og råderett yver eigen arv er ikkje vunnen ein gong for alle. Det er når striden stend heit og alle krafter må setjast inn, at me fyrsta røyner kva verd røtene og mytane til den norske nasjonen hev. Her møter med det sams hopehavet vårt. Alle nordmenn kjenner umgrep som Stiklestad, Eidsvoll, «aldri meir 9. april», skippertaket og dugnadsanden ­ ukjende fyrestellingar i andre nasjonar. Målrørsla er like vel ikkje eineståande i sitt slag. På same vis som Aasen reiste landsmålet upp i skrift frå å ha vore berre talemål i framimot 300 år, gjekk Dante Alighieri og Martin Luther fremst og synte vegen i Italia og Tyskland. Norsk vart skriftfest um lag samstundes med serbokroatisk og færøysk. I dag er turen komen til dei tidlegare kolonilandi i Afrika. I Zimbabwe ser dei upp til Ivar Aasen som eit djervt fyredøme for målreising. Det nasjonale gjenombrotet på 1800-talet, der målrørsla var ei berande kraft, er soleis ein renning i moderniseringi av alle samfund i den nytidige soga.

Kva er det norske?

La langue est la nation, heiter det rakt og endeframt på fransk: Målet er folket. Same um dette ordelaget berre nemner éin av alle fasettane i nasjonaliteten, er norskt mål like vel eit hovudvilkår for å kunna skilja ut ein eigen norsk nasjon. Det er ikkje dei ytre plaggi og tinglege greidone som merkjer ut kva som er norsk eller ei, ostehøvlar, papirklemmer («binders»), kledesbunader eller rosemåla kråskåp. Viktugare er medvitet um sams soga, upphavsmytar, referanseråmor og språklege bilæte som målet og sogeformidlingi millom ættledene hev halde uppe. å ha kjennskap til målet og meistra bruken av det er soleis heilt avgjerande for å gjeva meining og yverføra bodskap innanfor eit nasjonalt hopehav som det norske. I dag vert den nasjonale arven truga - ikkje fyrst og fremst av ytre pågang og press - men av nordmenner som sjølve vandar den nedervde røynsleskatten og slær um seg med motestyrde eller angloamerikanske kulturuttrykk. ­ Me som enno vil verna, vida ut og auka tradisjonstilfanget og kunnskapen um norskt mål, må taka andsvaret og organisera oss for fyremålet vårt.

Fri og ubunden av staten

Den irske sogekjennaren John Hutchinson segjer det soleis: «Lykelen til nasjonal vitalitet er ikkje staten. For statar kann koma og gå. Lykelen finst i forsvaret for det sermerkte historiske fellesskapet, det er den skapande livskjelda som bind personar til einannan og gjev livet deira individuell og kollektiv meining.» Det trengst ei fri og sjølvstendig organisering av folk med hug for norskt mål og nasjonsbyggjing. Staten hev lenge nok vore ein måltynar i landet vårt. Sabotasjen mot mållovi, samnorsklina og freistnaden med målkløyvde lærebøker på 1990-talet hev synt det til gagns. Me må ­ som Ivar Aasen ­ lita på nasjonal uppgløding og idealisme frå einskildmenne, skal me ha von um framgang. Og berre eit mål som byggjer på studnad og tillit hjå medvitne og vakne folk, stend bergfast i vind og ver. Difor:



Dei som er med i Høgnorskringen, fær tilsendt lagsbladet Høgnorsknytt, anna tilfang som ringen lagar, og tilbod um å koma på tilskipingar. Ringen hev innmelde i alle landslutene, både unge og gamle. Talet er jamt stigande.

Høgnorskringen (skipa 1994):