«Ei god Sak
gjev eit godt Mod»

Vitringar

Tinga Årboki

Netstadandsvarleg

Ordet «høgnorsk»

Ordet høgnorsk hev vorte bruka sumtid i alle høve frå tidleg på dette hundradåret. Etter umgripsfestingi i Norsk Allkunnebok er det ei nemning for "mynstergildt nynorsk skriftmål på Ivar Aasens grunnlag" (Per Thorson). Ordet kom serleg inn i skriftlivet etter ei utgreiding av Torleiv Hannaas i Norsk Aarbok i 1922, "Høgnorsk eller flatnorsk", der me m.a. finn ordleggjingi: Aasen "lyfte sitt lysande merke: Eit høgnorsk skriftmål, nyreist frå roti av, bygt på dei beste bygdemåli, utan umsyn til dansken". Hannaas legg dessutan vekt på arven frå folkevisemålet, og han dreg fram gamalnorsken, det norrøne målet, til ei styrkjekjelda og ei upprikingskjelda "som me aldri kann ausa nok av". Han tenkte likevel ikkje på atterreising av det gamle målet. Flestalle som hev reikna seg for høgnorskfolk hev halde på i-målet, men ikkje slett alle. Ein mann som Kristoffer Uppdal sokna til a-mål, men han studde ein vyrdsla fastbygd nynorsk, og på lang sikt tenkte han seg kanskje at i-formene kom til å få sterkaste romet i skriftmålet. Knut Liestøl var høgnorskmann. I alle høve til dess at han vart innfanga av stridane kring 1938-målbrigdet, då han på skulestatsrådsplass, kanskje meir og mindre nøydd og tvinga, kom til å løysa ut krefter som han snart ikkje rådde med, og som truleg gjekk andre vegar enn han hadde vona.

Utan at me gjeng djupt inn på spursmålet kann me kanskje segja at høgnorsken stend yver - men ikkje i motsetnad til - målføri, i den meining at høgnorsken rett nok byggjer på det norskrøtte tilfanget i målføri, men tek mål av seg til å til å vera den mynstergilde samnemnaren for målføri som Aasen tenkte seg, det norske standardmålet, nasjonalmålet, riksmålet, normalmålet, landsmålet eller kva namn me no vil bruka.

I 1972 var det gjort ein freistnad på å skipa eit Sunnmøre Høgnorsklag - av Sigurd Slyngstad og Lars Festøy. Det vart litt skriving um det i nokre blad, og ei underskriftslista i Volda som studde laget, hev nærare 40 namn. Men det vart ikkje noko meir ut av det. Dei tvo upptaksmennene budde for langt undan -i Vatne på Nørdre Sunnmøre [Slyngstad] og i Romsdalen [Festøy]. Og truleg var tidi heller ikkje komi. Um målblandingstankane i 1972 nok hadde knust seg, låg det for mykje slagg att: målet skulde vera flatt og avbrigdelaust, sermerki skulde burt. Sjølve ordet høgnorsk var mistenkjeleg. Kva gale kunde ikkje gøyma seg i ordet høg?

I 1990-åri er det likt til at stoda er umsnudd. Ingen hev, so vidt kjent, kome med ukvemsord mot nemningi. Tvert um. Ordet høgnorsk tykkjest hava positiv klang i dag, og ikkje minst målungdomar hev gripe tak i ordet med frygd. Mange ser venteleg i høgnorskordet eit eintydeleg og vonleg endeleg brot med den sjølvuppgjevingi, defaitismen, og utvatningi og sundrivingi av målet som fylgde med den tilsikta målblandingi. I sjølve høgnorsknamnet ligg eit program eit program som peikar i stikk motsett leid enn målblandingslina. Namnet ber bod um eit eige målalternativ på eigne føter.

Ordet høgnorsk hev vore vederhefte med nokre mistydingar, og ei mistyding skal nemnast her. Det er lett å blanda i hop med eit stilslag - høgprosa, høgtideleg stil - men slik hev ordet aldri vore bruka eller tenkt bruka av nokon som hev sokna til høgnorsksynet. Høgnorsk er ikkje meir eit stilslag enn høgtysk er eit stilslag. Det er namn på eit mål eller ei målform som siktar på å halda uppe det mest sermerkte nynorske målmynsteret. Noko som ikkje tyder at det ikkje er rom for val millom visse typologiske variantar variantar innanfor høgnorsken. Høgnorsk femner, må vita, um alle stilslag - høgprosa eller høgtideleg stil, normalstil eller vanleg sakprosa, lågprosa eller kvardagsstil - og for den skuld dikt, noko det finst mange og yvertydande høgnorske døme på, hjå Aasen, Garborg, Olav H. Hauge, Aukrust, Hovden, Nygard, Blix og mange fleire.

Jostein Krokvik, desember 1995