«Ei god Sak
gjev eit godt Mod»

Framsidebilætet til Norsk Årbok, andre rekkja er teikna av Solveig Muren Sanden.

 Motiv: Fossekall som sit og skriv på eit papir som er forma som eit fossefall, og med ein ljosnedgang attom. Ljosnedgangen som tek seg ut som ein leselampeskjerm.
Netstadandsvarleg

Bokbudi

Bøker til sals hjå Høgnorskringen

Fri tilsending med Posten innanlands er med i bokprisen!

Slik tingar du bøker på lettaste måte

  1. Finn ut kva du ynskjer å tinga.
  2. Rekna ut samanlagtprisen.
  3. Set denne summen inn på vår konto 9365.06.56243.
  4. Hugsa på å setja på namn og posttilskrift på betalinga.
  5. Send bod til oss um at du hev svara pengane med hjelp av tingingsskjemaet nedanfyre.
Tingingssetel

Eigne utgjevingar

Norsk Årbok

Norsk Årbok 2011

(ISSN 0809-7232) kr 150 (irekna sendekostnaden). 142 s. Ytre mål: 22,8 cm x 14,6 cm x 0.741 cm. Mjuke permar. 16 skrivarar.

Or innhaldet: Denne årgangen av Norsk Årbok er sjunde i den nye rekkja, og held ved mange av skrivarane og emni me hev møtt fyrr um åri. Me møter nyyrkte dikt, nye atterdiktingar av Gjerdåker og Svelstad, og eit par gamle dikt, Gjenom fallgarden av Rytter, og dovrediktaren Solberg presentera av Aarnes. Me hittar so frami nye umsetjingar ved Hatle og ei gamal Zweig-umsetjing ved Dale, fær ei attersyn med dei samiske syskini våre i nord, og er elles innum emni kjærleik, målarkunst, tonekunst, diktarkunst og mål.

Norsk Årbok 2010

(ISSN 0809-7232) kr 150 (irekna sendekostnaden). 124 s. Ytre mål: 22,8 cm x 14,6 cm x 1 cm. Mjuke permar.

Or innhaldet: I år tek mange av stykki i Norsk Årbok oss i filosofisk leid. Me skal sjå på saman­hang­et millom lukka og visdom og so natur og kultur, og nysta upp trådane dedan og til tungemålet dessmeir. Millom skrivarane finn me kjende og kjære namn som Asbjørn Aarnes, Johannes Gjerdåker og Kristin Fridtun, og me byd på atterdiktingar etter Friedrich Schiller, Arthur Schopenhauer, Louise Labé, Čearbmá-Ovlla og Jon av Krossen.

Norsk Årbok 2009

(ISSN 0809-7232) kr 150 (irekna sendekostnaden). 174 s. Ytre mål: 22,8 cm x 14,6 cm x 1 cm. Mjuke permar.

Or innhaldet:

Norsk Årbok 2008

(ISSN 0809-7232) kr 150 (irekna sendekostnaden). 160 s. Ytre mål: 22,8 cm x 14,6 cm x 1 cm. Mjuke permar.

Or innhaldet: Utgreiding um namnet Rogaland og rugdyrking av Thorgeir Holm, nyumsette Horats-dikt av Johannes Gjerdåker, artikkel um islendske landnåmsmenner frå Hallingdal av Magne Myhren, artikkel um Ivar Aasen i Austfold av Kjell Venås, artikkel og umsett novella med emne frå finsk soga ved Liv Hatle, artiklar um islendingesogone og bokmålet av Kristin Fridtun, dikt av Einar Torgilstveit og artikkel um verdig alderdom og Cato den eldre, novella av Olav Sletto, pluss meir.

Norsk Årbok 2007

(ISSN 0809-7232) kr 150 (irekna sendekostnaden). 184 s. Ytre mål: 22,8 cm x 14,6 cm x 1,0 cm. Mjuke permar.

Or innhaldet: Utgreiding um Søren Kierkegaard av Vincent Eye Færavaag, artikkel um Carl Marstrander av Kjetil Aasen, målteigar av Rolf Theil, umsette forteljingar frå finsk ved Liv Hatle, biografisk artikkel um Sigurd Kolsrud av Kjell Venås, analyse av vesttelemålet til Aslaug Vaa ved Andreas Bjørkum, dikt frå græsk ved Per Esben Svelstad, dikt av Schiller – til norsk ved Johannes Gjerdåker og meir til.

Norsk Årbok 2006
Petra Kvisli: Eg elskar dei voggande tonar (dikt)
Lars Eskeland: Helge Væringsaasen
Thoralf Bergwitz: Norge eller Noreg
Kjell Venås: Om landsnamnet vårt i eit nytt tusenår
Einar Breidsvoll: Riksmålsprofessoratet 10 år
Einar Torgilstveit: Stille (dikt)
Jostein Stokkeland: Frå Seippel til Sagrusten
Thorgeir Holm: Bibelumsetjinga – og joleevangeliet på høgnorsk
Sergej Alexander Munkvold: Kva er høgnorsk?
Ole Jakob Totland: Målmann byter burt stridsøks mot røktargreidor
Rolf Theil: Hans Kamstrup Vogt
Jostein Krokvik: Edvard Samuel Os, hermann for norsk mål
Edvard Os: Russeslaget i Kristiania 17. mai 1904
Magne Myhren: Gustav Indrebøs målsoga i ny utgåva
Johannes Gjerdåker: Hafez frå Shiraz – persisk diktar
Andreas Bjørkum: Frå samlarferdene mine i Indre Sogn
Hermund Slaattelid: Bergensbispen som biletstormar
Einar Torgilstveit: Vincens Lunge
Thorgeir Holm: Ringdrotten og kjærleiken til målet

Norsk Årbok 2005

(ISSN 0809-7232) kr 150 (irekna sendekostnaden). 204 s. Ytre mål: 22,8 cm x 14,6 cm x 1,4 cm. Mjuke permar.

Or innhaldet: Artikkel um Gustav Indrebø av Nils Hallan (1926-1997), artiklar um rettskriving av Gustav Indrebø, dikt av Thorgeir Holm, Gudlaug Nedrelid og Hulda Garborg, biografisk artikkel um Lars Eskeland av Jostein Krokvik, artikkelen ”Målreising – måltyning?” av Eivind Hovin, artikkel um Ivar Aasen og verket hans av Fridtjov Sørbø, intervju med Nikolaus Gjelsvik ved Einar Breidsvoll (frå bladet Noreg 1937), pluss mykje meir.

(lite att av upplaget)


I kommisjon:

Karl Qureshi:
Norigsland

(ISBN 91-631-7524-X) kr 50,00 (lite upplag) (2006) 85 s. Ytre mål: 20 cm x 14,5 cm x 0,6 cm. Mjuke permar.

Innhald: Dikt på svensk, dansk og norsk med folkevise-svip. Frå fyreordet: ”denna diktsamling är menat som ett romantiskt verk, främst nationalromantiskt och bygderomantiskt, men även romantiskt i det förståndet om svärmeri för förlorad kärlek”.

Karl Qureshi:
Vald og sorg paa nynorsk: Tretti dagar av Sodom.

Ei fyreloga i soga til verdi (ISBN 91-631-6941-X). kr 40,00 (2005) 48 s. Ytre mål: 21 cm x 14,5 cm x 0,4 cm. Mjuke permar.

Innhald: Dikt på klassisk nynorsk skrivne av ein svensk bokmann. Frå fyreordet: ”Setningi Vald avlar vald hev vore den fremste kjelda for boki, etterdi ho ikkje er sann og minner oss um at det berre er mennskja i hennar urette samfunn som kann skapa slik sorg (...) Målet i boki skifter frå kvede til kvede, men alle fell under dei råmor av det som me kallar nynorsk.”

Tingar du båe bøkene til Qureshi, gjev me avslag i pris. Sendekostnader kjem attåt.

Leiv Heggstad:
Norsk grammatikk for skule-ungdom (1914, nytt fotografisk avprent 2008)

212 s. kr 150,00 (medrekna sendekostnaden). Boki gjev ei etter måten stutt innføring i høgnorsk. Ho hev desse bolkane: Innleiding (um målet og sjælelivet, talemål og bokmål, norsk målsoga med meir), Ljodlæra (vokalar, konsonantar, vokalskifte m.m.), Ordlæra (ordklassor, substantiv, adjektiv, pronomen, verb m.m.), Setningslæra (subjekt og predikat, ordfylgja, hovudsetningar og undersetningar m.m.). Boki hev 797 paragrafar og eit eige emneregister baki.

Thoralf Kielland Bergwitz: Domen (2001).

ISBN 82-7096-329-1, 223 s. kr 150 (irekna sendekostnaden). Boki er ein biografi um Eidsvolls-mannen og statsmannen Severin Løvenskiold og fylgjer honom i motgang og medgang. Stive permar med farga umslag. Frå Dreyer Bok Stavanger. Døme på kapittel i boki: Den sosiale stoda – sjølvstendemenn og unionsmenn, Utgjorde bøndane ei magtgruppe?, Var det i det heile tenkt pá at bøndar skulde hava nokon innverknad?, Den storpolitiske bakgrunnen og det tvifaldige spelet át Frederik VI, m.m.

Bøkene skal sendast til …